Informasjon
Kor kan eg bu på festivalen?
Ein kan campe på Stølen i telt og parkere bobil på tilviste plassar. Bobil- og teltplass kjøpes via Ticketco. Ein må kjøpe helgepass til festivalen for å få bobilplass. Det kostar kr 100,- pr. natt for bobil- og teltplass.
​
Det er òg mogleg å legge til med båt på gjestebrygga i Kallestadvika.
Korleis kan eg komme meg til og frå festivalen?
Me oppmoda flest mogleg til å samkøyre, då det er begrensa med parkering på Kallestad og for å unngå trafikkork på vegane.
Det vert satt opp gratis nattbuss.
Buss 1 - kl 01:30
Skoge - Skaganeset - Klokkarvik - Forlandsvågen - Steinsland - Tofterøy
​
Buss 2 - kl 01:30
Hammersland - Glesvær - Telavåg - Steinsland​
Kan eg ta med alkohol på festivalen?
​På festivalområdet vert det sal av alkohol så det er ikkje mogleg å ta med eigen drikke her, men på campingområdet kan dei som vil nyta medbrakt alkohol. Det er ikkje tillatt med glassflasker på campen.
​
Kan eg hente festivalbånd før festivalen?
Festivalbånd hentes i innsjekk ved festivalområdet.
Kan eg kjøpe mat på festivalen?
Det vert sal av mat på festivalområdet både på dagtid og på kvelden. Det er lov å medbringe mat på campingområdet, men eingangsgrill er ikkje tillatt.
Kva kan vere lurt å ha med seg?
Ein god varm genser/jakke til kvelden kan vere lurt å ha med seg på festivalen. På denne tida av året kan det vere litt mygg på Stølen, så ha gjerne med myggspray.
