top of page

Artistar 2026

IMG_9838.jpg

3 Busserulls

Gunnar Andersen & Busserulls Jubalon Orkester stiller med humor og knallsterke låter. Gunnar skreiv sine første Busserullsanger i 1978. Skip O’hoi og Dei Saliges Kvarter. Lista over slagera er blitt lang; 16 da’r på plattform, St Pauli Blues, Små fagre Gudsord, Plukka plommer i Hardanger, Flikk-flakk i Flekkefjord, Øl, øl og mere øl. Allsongfaktoren på festivalen kjem til å bli høgare enn nokon gong!

Gunnar er Busserull, komponist og tekstforfattar, tidligare programleder på TV, revy og showprodusent og med seg i Busserulls Jubalon Orkester har han:
Alexander Flotve - gitar
Inge Johnsen - bass
Cliffie Grinde - trommer
Inge Enoksen - keyboard

Pogo Pops

Pogo Pops hadde starten sin i 1987, då Frank Hammersland, Viggo Krüger og Nikolai Hamre danna trioen Doomsville Boys. Bandet vart ein viktig del av Bergensbølgja på første halvdel av 1990-talet, saman med band som Barbie Bones og Chocolate Overdose. Pogo Pops gav ut fire album, alle prega av progressiv, melodiøs poprock. Bandet vart nominert til Spellemannprisen for albumet Pop Trip i 1992, og i 1993 vann dei Spellemannprisen i popklassen.
 

Bandet oppnådde òg stor suksess i Japan, der dei turnerte tre gonger. Etter at Frank Hammersland gjekk bort i 2022, har dei gjenverande medlemmene i Pogo Pops, Viggo Krüger og Nicolai Hamre, bestemt seg for å halde fram med å framføre musikken. Rune Solberg, ein mangeårig ven av bandet, trår inn på bass og vokal. Christine Sandtorv og Endre Nordvik er med som spesielle gjester.

Skjermbilde 2026-05-25 kl. 14.44.06.png
Strings Live Band

Strings Live Band

Strings Live Band returnerar til Stølsfestivalen for 4. året på rad og sørger for høg allsongstemning. SLB er kjent frå spelejobbar frå nord til sør i landet og har bemerka seg som eit allsidig band som får dansefoten din til å svinga.

Bandmedlemma har lang fartstid i musikermiljøet og består av:

Stian André Vågheim - cajon og vokal

Ole Morten Bowitz - gitar og vokal

Morten Landro - gitar og vokal

Vidar Ruud med band

Frontfigur Vidar Ruud har lang live-erfaring frå turnear i heile
Sør-Norge og har blant anna delt scene med Steve Phillips (Notting Hillbillies) og Guy Fletcher (Dire Straits/Mark Knopfler). Saman med eit solid håndplukka band kan me sjå fram til ein gjennomført hyllest til gitarlegendene Mark Knopfler/Dire Straits, Eric Clapton, John Mayer, Prince og Bruce Springsteen.

Bandet består av:

Vidar Ruud - vokal og gitar

Helge Mikael Landro - gitar

John Christian Boga - bass

Rune Steffensen - trommer

Torgeir Børnes - tangentar

image003.jpg

Kilkenny Beerbellies

Kilkenny Beerbellies kjem frå Bergensområdet og spelar irsk og celtisk musikk. Bandet har halde det gåande i nærmare 20 år, og dukkar stadig opp på spelejobbar i Bergensområdet. Bandet har med seg gode gamle klassikarar frå The Dubliners, The Pogues, Amy MacDonald og Flogging Molly. 

Aristocats

Danseorkesteret blei etablert på Sotra i 1973. Det starta som ein trio, men blei utvida til eit 5 manns band i løpet av 70-talet. Musikken dei spelar er dansbar country ispedd populære poplåter.

I løpet av dei 50 åra har bandet besøkt samfunnshus og hallar over det ganske land, og vert lika godt tatt i mot kvar gong.
4 CD-plater og fleire soloutgivelser har det òg blitt!

660519490_944062785040016_7826987825257467979_n.jpg
image000001.jpg

Backroad Company

Backroad Company er eit band satt saman spesielt til Stølsfestivalen, og består av erfarne musikarar med fokus på god stemning og ekta speleglede. Dei byr på country-inspirert musikk med varme, energi og høg trivselsfaktor! 

Bandet består av:
Kristoffer Øvretveit - vokal og gitar

Kristoffer Kleppevik Fløtberget - fele

Sindre Leigland - trommer
Kjetil Lynglund - piano
Geir Karlsen - bass

Roy Vorland & Kristian Wedberg

Roy Vorland frå Sund er ein erfaren artist med lang fartstid både på scenen og i studio. Mange kjenner han frå Songen frå vest, som nærast har blitt ein nasjonalsong på Sotra, og som vokalist i bandet Lunatic. 

Saman med pianist Kristian Wedberg tek dei med seg varme, nærleik og strilanes songskatt til scenen. Duoen har samarbeidd i fleire tiår og skapar stemningsfulle konsertopplevingar for publikum. 

Design uten navn (3).png
bottom of page